image image image


Uvanlig

Gjekk igjennom nokon av bildane eg har tatt i det siste og fant detta bilde. Det er ikkje ofte eg sminker meg, men når eg kjeder meg utrulig mykje så kan det hende at det skjer. Gidder ikkje ta på meg brunkrem og alt mulig for å skjule noko, og eg har ikkje noko problem med å vere bleik! Bruker minimalt med sminke, for eg orker ikkje trykke på meg alt mulig.

- føler meg som ein heilt anna person, tar tid å ta på, tar tid å ta av & rett og slett gidder ikkje.








Jobben min



Eg er SKIKKELIG glad for at eg valgte å gå den linjo som eg gjekk på. For de som ikkje veit ka eg skal utdanne meg som så kan eg sei det, eller kanskje de har funnet ut av det på ein eller annan måte. Men uansett, eg skal utdanne meg som blomsterdekoratør og det er eit veldig spennande yrke! Får opplevd alle mulige typer som det finnes av personer og får jobba med så mange forskjellige blomster. Eg jobbar annkvar laurdag, men eg tjene ekstra på dei fant eg ut då eg fekk lønning første gang! Ein dag i veko så har eg ein laang dag, som vare ifrå 10 - 19. Kjenner meg ganske sliten etter ein sånn dag, men eigentlig går det heilt fint for det er så mykje forskjelligt eg gjer dei dagane. Til tider er det einaste eg føler eg får tid til er å: våkne, ta bussen til jobb, vere på jobb i nokon timar, ta bussen heim, slappa av, eta middag også legge meg. 


Ny hårklipp ++



På onsdag var eg på langkjøring og fekk det overstått. Var ferdig halv 2 og hadde ein god stund til bussen gjekk, så eg fant ut at eg kunne gå til frisøren. Men eg hadde jo ikkje bestilt time, men eg gjekk til ein frisørsalong som hadde dropp-inn. Dei hadde time med ein gong og det var ganske koselig der sjølvom det var ein liten frisørsalong. Ho vaska håret mitt og då eg satt der tok ho opp beina på stolen og spurte om eg ville ha massasje, blei sikkelig overraska over at det var ein massasjestol eg satt i. Men gud, det var godt å sitte der! Satt der og berre slappa skikkelig av. Ho var flink til å klippe håret også, men uheldigvis klarte ho å klippa seg sjølv i fingen :( Blei veldig fornøgd sjølvom det kosta meg 650,-, men virkelig, det var verdt det pga servisen! Nesten alt det brunblonde er vekke, men har ca 1cm igjen på tuppane og mamma sa det var ganske fint sånn.  På bilde til venstre var samme dag som eg kom ifrå frisøren og ho hadde retta det, men då eg tok å dusja så kom krøllane skikkelig fram, som du ser på bilde til høgre. EG ER HAPPY.

Kjøpte meg  ein ny gensar også etter at eg hadde vert hos frisøren og den kosta meg 250,-. Har hatt lyst på ein sånn gensar ein god stund så det var godt å endelig finne ein sånn! Du ser litt av den på bildene, den er litt lang (nedanfor stumpen) også er det ein stor "A" midt frampå. Har brukt den her heima i det siste og treng berre ein strømpebukse, så kan eg gå rundt i huset med den. Skikkelig glad for at eg har kjøpt den og angrer ikkje litt i det heile tatt!

Enda seinare så møtte eg på Karina (trykk på navnet) som er veeeldig lenge sia eg har snakka med. Ho skulle ha kjøretime og det var ein good stund ho måtte vente. Men eg satt meg ned og vi begynte å snakke om det både ditt og datt. Eg lovte at eg skulle ta kontakt om eg ville finne på noko, og det kan godt hende eg gjer! 

Ha ein fin dag!


"det perfekte babyfjeset"

Søstro mi sa i går at eg hadde det "perfekte" babyfjeset og det va koseligt å høra!






Savner deg noko så fryktelig, farmor.



Eg veit at eg har skreve om farmor på bloggen min før, men det er snart eit år sia. Men eg gjer det ein gong til, for ho betyr forsatt så utrulig mykje for meg. På ein måte så er det heilt urealistisk at du er borte. Har tenkt mange gongar etter at eg vil opp å besøka deg på sjukeheimen, men det har eg jo ikkje kunne gjort når du ikkje har vert der. Tenkar på deg fleire gongar for dagen og tenke på alle dei fine minnane vi har sammen og ka vi har opplevd. Eg kjem alltid til å vere glad i deg og er skikkelig glad for å kalle deg for farmora mi ♥ Er ganske så sikker på at alle rundt her på Myking savner å ha deg her med den gode latteren din. Savner dei fine stundane vi hadde rundt middagsbordet då du skulle fortella om gamle ting og plutselig sa "Jaja Kaja". Sjølvsagt huske eg den julafta der vi skulle spela "mordaren" og du klarte å sovne midt i leiken. Vi begynte å le litt og du lo med. ♥ Som du pleide å sei "ein god latter forlenger livet" og det er så sant som det kan bli! 

Då du blei 80 år, så hadde vi ein stor feiring for deg og dei fleste trudde nok ikkje du klarte å holde deg så mykje lengre. Men der viste du alle at dei tok feil, du klarte å holde humøret ditt oppe eit heilt år til før det blei verre enn verst.. som endte med at du forlot oss for å reise til ein plass der alle dei fantastiske menneska samlast. Håper virkelig du trivast der oppe og eg savner deg noko fryktelig mykje. Dagane utan deg er ikkje dei samme og eg tenke som sagt på deg minst ein gong for dagen. Til og med så sitt eg av og til på kvelden og har minnestund om deg og lar tårane renne. 

Og som sagt, det er heilt urealistisk.

Er forsatt uendelig glad i deg. ♥

 


Dipdye eller ikkje?

Neste gong eg går til frisøren kjem sikkert alt det blonde til å bli borte, eg lurte berre på om eg passa det eller ikkje i det heile tatt. Tenker nesten ikkje over det lengre og det skal bli merkelig når alt det arbeidet eg brukte forsvinner. :o Husker at mormor syntes det var skikkelig kult for håret mitt gjekk ifrå brunt til gulblondt. Visste ikkje kordan ho skulle reagere på det, men virka som alt gjekk heilt fint!
Eg gleder meg skikkelig mykje til å få lengre hår altså!

No går eg til bussen og skal begynna på jobb kl 10 og jobbe til 19.. 9 timer, ønsk meg lykke til. :)


10 ting du kanskje ikkje visste om meg

♦ Som eg kanskje har nevnt før så elsker eg klemmer - kvar gang eg ser nokon eg kjenner som kjem mot meg for å gje meg ein klem så blir eg skikkelig glad! 

♦ Eg hadde migrene då eg var mindre. - ein sann plage skal eg sei deg, skulle ønske eg aldri hadde det! .. har kanskje litt igjen etter det, for når eg først får vondt i hovudet så er det der nokon dagar før det forsvinn igjen. :(

♦ Begynte som lærling, tirsdag den 13. august - har tenkt å begynne å blogge om dagane mine og legge ut nokon bilder av ka eg har laga. Kan slenge med eit bilde med ein gong.




♦ Eg klarer forsatt ikkje sove uten ein bamse - tar ein liten tid om eg skal sove uten.

♦  Eg bur på ein liten plass som heite Myking, og det er mange forskjellige folk som bur her. Men for å sei det sånn så er dei fleste som  bur her i familien min :p

♦ Eg liker å redigere bilder, men kvar gong eg vil så får eg følelsen av at eg ikkje vil alikavel. - slenger med eit bilde her og.



♦ Eg er ikkje kilen.

♦ Eg bur på ein av dei finaste plassane som du finn i Hordaland - lille Myking er like nydelig heile tia!

♦ Eg er veldig følelsesmessig. :)

♦ Det er ikkje ofte eg finner ein tegneseriestripe i ei avis som eg faktisk ler av - men fant ein her om dagen. 


Eg trudde eg skulle bli bedre

På mandag var den dagen heile denne "skikkelige" sjukdommen begynte. Eg spydde då eg våkna og trudde eg blei bedre så eg var så dum og gjekk på skulen. Eg klare å vere på skulen til klokka var 10 og då gjekk eg bort igjen for å sove. Endte med at eg sov i 7/8 timar, men eg skal ikkje skrive meir om den dagen, for den har eg blogga om før.

På tirsdagen var eg bedre, så eg gjekk på skulen og det første som skjedde var at eg satt i klasserommet og plutselig kjente eg at det rann noko ifrå naso mi.. og då hadde eg fått naseblod, så eg fekk ta meg ein liten pause på sofaen og klarte å vere på skulen heile den dagen. Klarte å ete etter den dagen eg spydde så eg fekk litt ned i magen min, men den dagen var eg så "frisk" at eg klarte å gå tur og alt sjølvom energien min var nesten heilt vekke. 

Så kom onsdagen og hadde nesten ikkje sove på den natten. Einaste eg gjorde var å hoste, krympe meg sammen for å få vekk smerten i magen og ryggen mens eg hosta og passa på at eg ikkje blei kald. Skulle prøva å sove litt utpå dagen, men fekk ikkje det til pga hostinga mi. Då bestemte eg meg for å reisa heim, for eg kan ikkje ligga på internatrommet mitt og ikkje gjere noko. Tok bussen til Voss også hadde eg 1 time og 30 min før toget gjekk, så eg fant ut at eg kunne gå på butikken fordi eg hadde ikkje fått så mykje mat i meg. På veien mot togstasjonen satt eg meg ned og begynte å mate nokon spurvar, det var faktisk ein som turde å fly opp og ta maten ifrå hånda mi. Det er første gongen eg har oppleva da, og den samme fuglen kom tilbake fleire gongar. Det var vell dagen opptur då eg satt der, for det var akkurat sol og fint vér også kom eg meg på toget og det var ikkje så  veldig fint vér då lengre. 

No sitt eg her hjå pappa og skal begynna på ein oppgåva som vi har i samfunnsfag om Afghanistan og Al-Qaida. Mamma kom opp med eit brev til meg i sta som viste seg for å vere eit nytt bankkort, for da andre eg har er gått ut.. Men seriøst, kunne fått eit annet bilde!





dipdye - passer det eller ikkje?







Fun facts

♦ Sover enda med bamse - eg har alltid hatt ein vane med å sove med bamser, men det føles så einsomt uten ein bamse. 

♦ Eg sang i kor i min barndom, 5 år tilsammen.  Var ganske lei etter 4 år, men gjekk eit år til berre for å få ein diplom.

♦ Eg snorker til tider, mumler i søvne og kan av og til begynne å snakke, eller så er eg kjent for å sparke vekk dyner og ta heile plassen i senga :D 

♦ Eg gjekk på ridning i nokon år, nevner det ikkje så ofte men det var kjekt. Gjekk ilag med Solvår som deke kanskje veit kem er! Men om de ikkje veit det så er dette >bloggen hennar<

♦ Eg har stripa håret mitt med rødt nokon ganger, men det endte jo med at dei blei oransje også blonde etterkvart. Når eg no ser tilbake på det, så kan eg ikkje skjønne korfor eg gjorde det fleire ganger. 


ikkje mobb meg, eg hadde mine stunder der eg ville ta bilde av meg sjølv..

♦ Eg er mørkredd, var det som liten men så forsvant det litt også kom det tilbake etter ein liten stund. Så eg klarer ikkje sjå skrekkfilmer eller noko sånne ting. :(

♦ Eg har alltid misslikt fingrene mine, for dei er tynne, så kjem det ein plass det er litt tjukt også er dei tynne igjen. Så det er umulig for meg å finne nokon ringer som passer med mindre dei er sånn at du kan stramme dei sjølv. :(

 


hits