image image image


MÅL FOR 2013

- Har du nokon mål for 2013?

KINOTUR TIL BERGEN

420631_10150687185140803_750057907_n_large

Dette blir berre eit kort innlegg om at eg skal til Bergen med brødrene mine for å gå på kino! Det er julegaven ifrå eine broren min at han spanderer ein kinotur og eting på resturant. Det skal bli så kjekt å vere med brødrene sine utenom heime. For det er eg ikkje ofte og om eg har tid, så er dei andre opptatt. Sånn har det vert for det meste eigentleg, at det aldri har passet med ting når eg er heime.

No skal eg allefall vere med å sjå "Hobbiten" i 3D og eg gleder meg veldig, etter det skal vi på peppes pizza for å ete. Men det er ganske så deperimenrende vér ute i dag, spesielt her på vestlandet..I går var det snø og alt, no er det berre regn ute og ingen snø. Alt har regna bort i natt og på ein måte blei eg glad, men no ser det berre enda meir deperimerende ut når det regner så mykje. Mamma hadde fått melding på mobilen at det kom til å regne mykje i dag, så det viste seg at det var rett.

Kanskje eg skal begynne å gjere meg klar, for broren min kjem å henter meg og min andre bror klokka halv 12. Det kjem sikkert eit innlegg seinare i dag eller noko sånt, eg skal ikkje lova noko!

Ha ein fin dag!

- Ka skal du i dag?


MIDTSKILL




GOD JUL!






KOSELIG DAG I BERGEN MED VENNER - 21.12.2012


I går var eg i Bergen for å møte nokon som eg går på skule med! Først reiste eg til Knarvik for å ha kjøretimer, så etter det tok eg buss til Bergen. Tenkte eigentleg å ta ein buss som gjekk kl 11 ifrå Knarvik, men det endte med at eg kom 2 min etter den hadde kjørt. Så eg tok den som gjekk etter, i mellom tia snakka eg litt med 2 eg gjekk i klasse med i fjor. Då bussen kom, så kom ei eg har gått på barneskule med i 7 år. Satt med ho på bussen og det var virkelig ein del å snakke om, ho gjekk av i Åsane og eg satt på bussen i ei god stund til.

Først då eg kom til Bergen så møtte eg på Berit, var litt med ho og litt etterpå kom Joachim. Då kan eg innrømme at det blei ein liten stund med klein stillhet, men det kom seg etter kvart! Litt seinare gjekk med bort til eine bybanestoppet for å vente på Sunniva, ho kom og vi gjekk tilbake til busstasjonen. Eg, Berit, Sunniva og Joachim gjekk inn på rema1000, for vi skulle kjøpe nokon boller. Skulle eigentlig kjøpe sånn at eg skulle ete nokon, for eg hadde ikkje ete frukost. Det endte med at eg åt ca ein halv bolle sjølv, resten fekk måkane og duane. Det blei veldig mykje latter då vi stod å mata på dei, og plutselig begynner Berit å le. Me andre begynte å lure på ka ho lo av, det første var at ein due kom bort og tok mat ifrå hånden hennar og det andre var at tightsen var frøse fast i gjerde. Også gjekk vi tilbake til busstasjonen, men det var nok for å holde varmen litt.

Det var ganske koselig dag og eg møtte på utrulig mange koselige folk som eg har kjent ifrå før, f.eks Benjamin som eg har blogga om ein gang før. Eg stod å snakka i telefonen med mamma då han plutselig kom forbi med bestevennen hans. Han stod å venta til eg var ferdig å snakke med mamma også fekk eg ein klem av han. Utrulig lenge siden eg har møtt på han, for sist gang var faktisk på bursdagen min. Han sa han merka ein ting som var annerledes med meg, og det var at eg snakka, for då kom eg på at eg snakka ikkje så mykje den 30.mars.. Han og bestevennen hans måtte gå i full fart, for bestevennen skulle flytte så dei hadde fått tak i nøklane og skulle forte seg vidare. Etterpå lurte dei eg var med på kem det var og eg berre forklarte litt.

Så gjekk me opp på burger king til klokka var 2, for då skulle vi møte dei andre, men det tok jo tid før dei kom. Jonas kom med ein kompiss, som virka ganske koselig og pratsom. Også kom Therese enda seinare for det var så mykje kø. Vi satt der ein stund så fant vi ut at nokon skulle handle og nokon skulle eigentleg ingen ting. Så då blei vi eigentleg delt i 2: Berit, Joachim og eg gjekk ilag rundt omking og såg litt. Sunniva, Therese, Jonas og kompissen gjekk litt forran oss. Då Therese og dei skulle handle litt julegaver, så kom Sunniva bort til oss for å sjå litt rundt. Ganske kjekt å berre gå rundt å sjå utan å kjøpa noko, men alle blei ganske lei i beina. Så me fant ein bussholdeplass å satt oss ned litt og slappa av.  

Litt seinare møtte me på dei andre igjen men då hadde kompissen til Jonas gått, men då bestemte Sunniva seg for å vere med Therese og Jonas for å ete. Eg, Berit og Joachim var ikkje så sultne, så vi gjekk litt rundt og såg på kortid bussane gjekk før vi gjekk bort på busstasjonen igjen. Og der satt vi eigentlig til eg måtte ta bussen heim igjen, og Berit tok ein buss som gjekk litt etter min.

Eg kom meg heilt heim og det var godt, for då eg kom heim vart eg møtt av noko som kalles "varme" og det var så godt å berre slappa av. 


ØNSKELISTE TIL JUL #2

Jeffrey Campbell Lita Black Platform Ankle Boots

Jeffrey Campbell - DNA - 1499,-

MUSIC ANGEL JHMD04E2 SORT HØYTTALER

Høgtaler - expert - ca 170,-

WILFA WFB1 HEATING VARMETEPPE

varmeteppe - expert - 599,-

Bukse - GinaTricot - 199,-

Topp - GinaTricot - 149,-


SAVN!

Langt hår og varme!


SO TRUE!


NEW IN - NEW STYLE

I dag var det ein stressfull dag på starten, for eg hadde planlagt å reise til Knarvik for å møte på Izel også vere med ho til Åsane for å handle. Det første eg gjorde då eg våkna var å sjå på klokka, bussen min skulle gå 12:25 og eg våkna 11:58.. Så eg hoppa ut av senga, jogga ned på badet, tok med meg kle i farten og tok å ordna meg. Trur aldri eg har forta meg så mykje som eg gjorde i dag altså! Kom meg opp til der bussen skulle kjøre ifrå til sånn ca kvart over. Så eg hadde berre brukt 10 min på å ordne meg på badet og 5 min på å gå opp ein lang oppover bakke!

Eg møtte Izel i Knarvik og vi gjek ned til der bussen skulle gå vidare. Det som var litt merkeligt var at Izel kommenterte med ein gong ho kom bort til meg at eg hadde fine augebryn! Det er ganske sjeldent at nokon reagerer på dei. Det var ein ganske så kjekk dag å gå rundt å sjå på ting! Den første delen av tiden gjekk eg berre rundt og såg på salg og litt sånn. Så plutselig fant eg ein genser som eg berre MÅTTE ha, for den var så fin og eg har leita etter ein sånn leenge. Det er den genseren som er litt lengre nede, den ser svart ut men den er mørkegrønn.

Etter at vi kom til Myking igjen, så var eg oppe hjå Izel ein stund og det var kjekt det! Faren hennes kom heim i dag og ho har ein liten hund som alltid er koseligt å møte på! No er mamma på jobb og eg sitter her og skal til å avslutte innlegget, for eg må legge meg snart fordi eg skal på lærekjøring i morgon og eg skal møte opp kvart på 10.

Likte du noko av innkjøpet?

Genser - Ginatricot - 199,-

Singlett - Ginatricot - 199,-



 Grønn genser - Only - 200,-                                       Bukse - Bik bok - 99,-


Armbånd - Only - 50,-


FIN JULESANG

Er du i julestemning?

 


hits