image image image


"EIN GOD LATTER FORLENGER LIVET."

Bilete: #grandma, #rip, #missyou, #sad, #heaven, #me, #baby, #old, #photo, #loveher
http://instagr.am/p/Raw99ODrss/

Hei! No i det siste har eg vert ganske deppa, det er ikkje så rart at eg er det siden farmor døde på onsdag.. Eg veit at det var godt for ho, for då slepp ho dei smertene ho hadde. Det er ikkje så lett å gje slepp på nokon når du er så glad i dei.. Ho var ei av dei sterkaste i familien med å få viljen sin, for om ho ikkje ville dø så døde ho ikkje.. ho berre levde vidare. Men ein gang måtte jo kreftene slutte, og ho har kjempet så mykje mot alt i dei siste åra.  Ho var ein stor inspirasjon med alt ho gjorde og styrken hennes ikkje minst. Ho sa alltid "Jaja kaja" og "Ein god latter forlenger livet"

I morgon er det dagen for at alle tårene skal komme trillende ned kinna til folk som var kjær til farmor. Altså, då skal vi i begravelsen også skal eg reise etter den.. og det trur eg kjem til å bli ganske tungt. Men dette blei berre eit lite innlegg for eg følte berre for å få litt meir ut av det eg har inni meg. Eg kunne sikkert skreve meir, men eg føler egentlig berre for å stoppe her.

 

God natt.


EG ER MEG, OG DU ER DEG

God morgon! No sitter eg her med kjøkkenbordet og hører på musikk mens eg skriver dette. Bilde over er litt gammelt, men eg gjekk igjennom bloggene mine og fant nokon bilder. Eg syntes eg ser litt liten ut på bilde, for eg gjer eit eller annet med munnen min. Og folk har sagt i lang tid at eg ser ut som ein 13 åring, det var før dei hørte stemma mi og då trudde dei eg var 17/18 år. Men forsatt, eg er meg og ingen kan forandre på det. Det eg må klare sjølv det er å finne bedre utav kem eg er, for det har eg prøvd i nokon år føltes det ut som. Og som i den eg er, så har eg ikkje akkurat nokon problemer med meg sjølv, berre når nokon rundt meg har vondt eller f.eks dør. Då blir eg ein heilt annen person enn det eg vanligvis er. Eg kan ikkje sei at det er noko eg er missfornøyd med, eg seier berre at det er noko som mangler, men ellers er eg fornøyd.  

Veit du kem du er?


LITT INFO

God formiddag! No skal vi snart ha samfunnsfag og eg ville eigentlig berre sei at spørsmålsrunden er til neste helg, altså ikkje denne helgen som kjem. For det skjer så mykje no at det blir heilt surr i hovudet mitt om eg svarer på den. Og då må eg jo vere i godt humør også, og det er eg ikkje no for tiden. For i går skjedde det noko eg eigentlig ikkje ville at skulle skje. Rest in peace, farmor. ♥

Så eg reiser heim i helga og er der til onsdag, for det skal vere begravelse på onsdag. Også blir eg kjørt tilbake til skulen på onsdagen sånn at eg kan vere med å feire litt av halloween med klassen og annleggsklassen. Men det kjem vell ikkje til å vere så mykje latter ifrå meg då, heldigvis har eg gode venner rundt meg som er der for meg. Så eg skal nok klare meg dei tunge dagene på skulen. I går skjedde det mykje, fekk telefon ifrå mamma som fortalte det. Og etter det fekk eg telefon ifrå søsteren min som spurte kordan eg hadde det. Litt seinare gjekk eg ut med Therese i klassen for å sleppe å sitte inne for eg klarte ikkje det. Og enda seinare på den samme dagen så gjekk eg ut med Sunniva og Therese, det endte med oppe i kantina og åt middag. ENDA seinare på dagen gjekk eg enda ein tur med Therese, Sunniva og Jonas. Men det endte med at eg gjekk veldig fort tilbake for eg ikkje klarte meir. På turen ringte eine broren min for å spurte kordan det gjekk med meg og ka eg skulle gjere i helga. Då eg kom til rommet igjen og gjorde meg klar til å legge meg så ringte den andre broren min og spurte om akkurat det samme og eg snakket med han i ca 40 minutter før eg la på siden han skulle lage seg mat.


GIF - BIGKITTY

Eg vil ha ein stooor pusekatt. :3


GIF - KITTYCAT


GIF - I'M GOING TO..


FIND WALDO


INSPIRASJON - GIF'S

husk spørsmålsrunden min

>HER<

 

 

 

husk spørsmålsrunden min

>HER<


SPØRSMÅLSRUNDE



 Godkveld! Eg har ikkje noko å blogge om fortiden og hovudet mitt kjem ikkje på noko meir for tiden heller. Så då tenkte eg at eg kunne ha ei lita spørsmålsrunde, sånn at folk får spurt om det dei lurer på også kan eg svare på det så godt som mulig. Er usikker på om det kjem på video eller berre på eit innlegg, mest sannsynlig berre eit innlegg. MEN om eg får mange som vil at eg skal svare på det på film, så kommenter det blant spørsmålene. 




VENTING PÅ VOSS

No sitter eg og Berit på tog/busstasjonen, for å vente på bussen som skal føre oss tilbake til Hjeltnes.. Men den går ikkje før halv 5, så då må vi prøve å finne på ting. Og det er ikkje akkurat like lett å finne på ting.


hits