image image image


Gjesteinnlegg fra Anneli

Hellu!

Då skal eg gjøra nåkke eg aldri har gjort før! Nemlig skriva et gjesteinnlegg, woho! (Hmm... skal eg skriva på bokmål, nynorsk eller dialekt? Vel... blir nok ein blanding då. Deal with it!)

Mitt navn er då Anneli, eg er 16 år gammal og kommer fra Fusa, som er ca. 1 time med bil fra Bergen. Eg skal altså begynna på vidaregåeande skule til høsten, og linjo eg skal gå på er Studiespesialiserande med formgiving på Fusa VGS. Eg ser både fram til og gruer meg til å begynna på ny skule, som sikkert dei fleste som skal begynna på ein ny skule gjør. Eg valgte den linjo rett og slett fordi eg ikkje hadde peiling på ka eg skulle gå på, men eg liker å tegna og å ta bilder, så det blir nok gøy å lære meir om det satser eg på. (Ehe).


Slenger med et random bilde eg tok her ein dag, fordi øyenstikkere er awesome!

Eg har bare kjent Maibel i et halvt år no, men eg har blitt godt kjent med ho på den tida. Vi møttes i Bergen via felles venna, og vi pleier fortsatt å møtes i Bergen siden vi bur ganske langt fra kvarandre. Det er like koselig å se ho igjen kvar gang! Maibel er veldig koselig, morsom, random og ikkje minst barnslig (hadde aldri tippa at ho var 18 liksom, hihiii). 


Her er Maibel etter vi hadde kasta gras på kvarandre. Hoho.


Og her er ho som er veldig fornøyd med blomsterkransen sin! (Sorry for at bildene blei feil vei.. det bare blei sånn).

Maibel er ei jenta som plutselig kan poke meg i armen, sende meg ein ekstremt morsom youtubevideo på face som gjør at eg sitter der aleine og ler meg ihjel, og ho kan finne på å sende nåkken ekstremt morsomme snapper der ho har tegna på seg sjøl! Hahah.. ho er verdt å bli kjent med altså.

Okei, skal fortelle ein liten historie. Maibel hadde kjøpt seg ei Villa brus, så drog ho av etiketten på brusflasko. Då tok eg etiketten og putta den i sokken hennas. Så tulla vi med at ho hadde ein villa i sokken. Hahahaha ha ha.. ha.

Trur eg runder av her eg, før man blir altfor klein. Blogging er nok ikkje heilt min ting? haha.

Hadebra!~ 


Gjesteinnlegg: Kjære veslesøster.

Eg skulle ønske du ville dusje med andre. Me hadde ei sak i NRK nyleg om at stadig fleire ungdommar heller vil lukte vondt, enn å dusje etter gymmen. Det gjeld for alle ungdommar, men først og fremst jentene.
No har Bergen kommune lova å bygge skiljeveggar i alle fellesdusjar som dei skal bygge eller pusse opp, etter at ungdommen bad om å få slike.
Dette er noko som har skjedd over tid. Då eg gjekk på ungdomsskulen for snart 20 år sidan, kan eg ikkje hugse at nokon droppa dusjen.
Innvandrarane får litt av skulda. I mange kulturar er dei mykje meir tilkneppa enn oss, på den måten at dei ikkje vil vise seg nakne for andre.
Det kan nok vere ein del av forklaringa. Når ein og to og tre i eit fellesskap ikkje vil vere nakne, så forstår eg at også dei andre kan ta etter. Det er i alle fall ikkje kult å vere den einaste utan klede i eit rom.
Samstundes så trur eg dette er ei utvikling som ville kome uansett. Eg er heilt overtydd om at også i område med få innvandrarar, er det stadig færre som dusjar etter gymmen.
Kameratelefonane får litt av skulda. Eg forstår godt det er guffent å vere naken når der er 18 stykke rundt deg som har makta til å blottlegge deg for heile verda med eit knips. Eg har likevel så stor tru på ungdommen at eg ikkje kan forstå det ville vere noko stort problem. Dei fleste forstår vel at det ville vere ein heilt latterleg råtten ting å gjere?
Det skjedde ein gong då eg gjekk på ungdomsskulen. Det var ei som hadde med eit (gamaldags, analogt) kamera i garderoben, og ho tok eit bilete. Eg veit ikkje om ho eigentleg tok bilete direkte av nokon, men det var nok til at fleire vart veldig sinte. Med rette. Det er heilt uhøyrt å gjere noko slikt, det er å gå langt over alle strekar. Det fekk ho då også beskjed om at lærarane, og ho lova å aldri gjere det igjen. Det gjorde ho heller ikkje.
Og media får litt av skulda. Eg trur mesteparten av forklaringa ligg der. Du vert bombadert av perfekte kroppar heile tida. Frampå alle dameblad, alle manneblad, er dei - dei perfekte kroppane. Dei er endåtil på alle nettaviser, gjerne i saker som ikkje eigentleg har noko med lettkledde kroppar å gjere.
Eg trur ikkje du har godt av det. Du trur det skal vere slik. Du trur det er det som er normalt. Og du trur du sjølv er unormal.
Men kjære deg; det er ikkje slik. Du er ikkje feil. Du er bra nok. Du er så inderleg bra nok.
Det er HEILT normalt å ha ein bulk her og ein valk der. Det er HEILT normalt å ha kviser. Det er HEILT normalt å ha hår på kroppen. Det er HEILT normalt å vere bleik og pjusk iblant.
Dei du ser i blada er
- spesialutvalde, fordi dei ser unormalt bra ut på bilete
- sminka, pynta og voksa tom for alt hår
- snudd i den eine vinkelen dei ser best ut frå
- photoshoppa etterpå, og det kan vere ganske mykje og
Du har kanskje høyrt dette 100 gonger før. I så fall får dette vere den 101. gongen. For det er så viktig at du forstår poenget:
Det er ikkje dei som er normalen. Det er det du som er. Du er god nok. Du er bra nok. Du har ingenting å skamme deg over, og du må gjerne dusje saman med andre.
Beste helsing storesøster

hits