image image image


Snart heim igjen

No er det faktisk berre ein natt igjen før eg skal reise heim igjen! Har vert vekke i 2 veker no og gleder meg ein god del til å komma heim til Noreg, sjølvom det er mykje kaldare der enn her. For to dager sia kom eg til London og trudde det kom til å vere kaldare her enn i Frankrike, men det virker som varmen følger etter oss heilt ifrå Spania. For då vi reiste til Frankrike så var det lika varmt og då vi kom til London, kom gradene opp i 32 grader! Det er ikkje ofte eg har håret mitt i strikk eller i ein dott bak på hovudet, men på denne turen MÅTTE eg det for det blei alt for varmt med det tjukke håret mitt hengande ned. Mykje har skjedd etter sist eg blogga om turen min, eg slutta å blogge om det for eg følte at folk ikkje ville lese om det. 

- Snart skal vi ut å gå litt rundt for vi må sjekke ut til 12. Levere inn bagasjen vår her på hotellet og henter den seinare og reiser til hotellet nerme flyplassen og ta fly tidligtidlig om morgonen! 




Dag 3 - Lisboa

I dag var det ikkje så veldig mykje som skjedde, men hadde ein plan for dagen! Vi åt frukost, eg dusja, vi var litt på rommet også kjørte vi inn i sentrum av Lisboa for å gå rundt i gamledelen. Vi såg ein borg langt borte og vi bestemte oss for å gå bort til den for å sjå litt rundt. På veien gjekk vi innom ein kyrkje som blei bygga på 1200-tallet og den var ganske stor og fin! Borgen blei bygga på 1100-tallet og det er ein skikkelig fin borg. Og utsikten var heilt fantastisk! :D 




Dag 2 - Merida/Oeiras

I dag starta dagen med at vi våkna og gjekk ned for å ete frukost, då såg eg bassenget som var utafor og det var skikkelig fint der! Etter frukosten gjekk vi opp på rommet og pakka tinga og gjekk ned for å sjekke ut av hotellet, så gjekk turen litt rundt i sjølve byen. For vi var der dagen før då vi skulle finne hotellet og då såg vi nokon gamle ting. Utrulig fint sjølvom det er veldig gammalt! Ein bru som vi såg på var bygd i år 465 etter Kristus. Turen gjekk vidare på Lisboa og det tok ca 2 og ein halv time før vi kom til byen og eg skal love deg.. Lisboa er ein SVÆR by. Vi fant fram til hotellet og det var ganske så fint! :D Vi slappa litt av og Heidi gjekk ned for å trene litt. Litt etter at ho hadde komt opp igjen kjørte vi til eit kjøpesenter og gjekk litt rundt, endte nok med at eg kjøpte meg nokon ting. Sjølvom eg hadde sagt at eg ikkje kom til å gjere det..

Unnskyld mamma. ♥




Dag 1 - Madrid

Då er vi på  ein av dei siste turane våre rundt i Europa. Til no har eg vert i nesten alle landa i Europa og det er berre nokon land i Øst-Europa og Island eg mangler. Det er utrulig kjekt å få oppleve så mykje i løp av desse åra vi har hatt turer der vi leier ein bil og kjører rundt. Eg trur no eg har opplevd mykje meir enn dei fleste på min alder, for å sei det sånn. :D Det er sikkert mange av de som les detta som trur eg er bortskjemt og får det som eg vil, men då tar du nok feil. Det var ikkje eg som kom på idéen om at eg skulle ha vert gjennom heile Europa til eg var ferdig med vidaregåande. Det var nok pappa som plutselig kom på den idéen, allefall som eg veit om. 

I dag stod vi tidlig opp for vi skulle ta fly ifrå Flesland (Bergen flyplass) og flyet gjekk kl 6. Så eg blei vekt ti over 4 for å gjere meg klar, må jo vere på flyplassen allefall ein time før flyet går. Vi kjørte ifrå der Heidi (kjæresten til pappa) bur til flyplassen, det tar ikkje så lang tid for ho bur ganske nærme. Fekk billettane våre og gjekk å leverte bagasjen, deretter gjekk vi rett igjennom sikkerhetskontrollen og det er alltid nervepirrende om eg blir stoppa eller ikkje. :p 

Men ja, vi gjekk vidare igjennom taxfree'en som eg virkelig hater å gjere. Ikkje fordi eg ser ting eg vil ha, men alle dei luktane som kjem imot meg med ein gong eg kjem inn. Eg får lett vondt i hovudet om det er mange luktar på ein gong, allefall når dei er så sterke. Så det kjente eg ganske så godt då eg gjekk inn og endte med at eg gjekk rett igjennom og følte meg litt ør i houvdet. Vi gjekk på ein kafé for å få oss noko varm drikke, og der blei vi sittande til vi kunne gå rett inn på flyet. 

Først måtte vi ta fly til København også bytte fly som gjekk til Madrid. Då vi kom til Madrid lufthavn/flyplass så gjekk vi for å sjå om bagasjen vår hadde komme og vi var litt i stuss om den kom til å komma. Fordi det har vert så mykje problemer med vidaresending av bagasje i København, men plutselig kom ein etter ein. 

Då var det einaste som var igjen å finna bilen vi skulle ha. Pappa gjekk for å snakka med dei som vi skal "leige" hjå og kom tilbake med eit nummer. Så vi gjekk litt rundt og fant ikkje bilen, men til slutt fant vi den! Ein knallraud Mercedes. Akkurat i det augeblikket eg såg den følte eg meg veldig glad, for det er mange gongar vi ikkje har fått så fine og  gode bilar. Så denne er ein sterk motstandar til den bilen som vi hadde på første turen. Det beste med denne bilen her er at det er skikkelig god plass til beina og setane er skikkelige behagelige å sitta i! 

Men det aller beste med denne bilen er at den har glassruter i taket! Å, den bilen eg skal ha om eg blir rik skal ha ein bil som har tak som kan tas av med ein knapp eller ein glassrute som kan åpnast opp. :D





Arendal - del 2

Hei søte lesere ♥

 Akkurat no sitter eg her i leiligheten til søstra til Oddvar, heilt åleine. Mamma og Oddvar er på ein campingplass med tante og onkel, mens eg har vert her og sete ute i sola og kost meg. Ein liten stund så satt eg ute med Linda (søstra til Oddvar), etter ein liten stund så hørte eg ein skikkelig tung pusting og det viste seg at Linda hadde sovna. :D Ho hadde nokon andre planar i dag, så eg blei åleina igjen. Då sola var rett på temperaturmålaren så var det 28 grader! Det er litt sånn sjukt å tenke på at det kan vere så varmt i Noreg, men vi får nyte det så lenge det er her! Har vert her i 2 veker akkurat i dag og reiser heim igjen i morgon, sitter på med tante og onkel i bobilen heilt heim. :p Også er Åsmundbroderen heime og det skal bli så godt å berre komma heim og slappe skikkelig av, får håpe sola er der når eg kjem heim sånn at eg får litt til farge. :D


Arendal - del 1

Eg kom til Arendal på lørdag etter ein langt biltur som varte i 10 timar med mange stopp på veien. Alle tre kjørte, eg lærekjørte ein god stund. Vi kom ned og var ganske så slitne og ikkje så lang tid etter vi hadde møtt på søstro til Oddvar så gjekk vi oss for å sove, for vi skulle opp tidlig dagen etter.

I går var det jo bålfyring rundt omkring og først var vi med "lille danmark" og tente på eit lite bål og litt seinare gjekk vi bort til ein plass dei hadde eit større bål. Det var ganske varmt då eg stod i nærheten av bålet og tok mange bilder med kameraet mitt.


GOD JUL!






DAGEN I DAG

God morgon! No snart kjem mormor og morfar for å hente meg, mamma, søsteren min og kjæresten til mamma. For vi skal alle sammen til Landåshallen for å sjå på at broren min speler vollyballkamp. Også etterpå kampen, så skal vi gå rundt i Bergen i det fine véret. No må eg tenke på å avslutte innlegget som blei veldig kort, for eg må gjere meg klar til å gå eg også.. Og i morgon skal eg til farmor også reise tilbake til Ulvik. Så det blir ein del pakking når eg kjem tilbake i dag.


FINFIN FRUKOST.

I dag begynner høstferien vår, og eg begynner det med å ete vaffler til frukost. Ha ein fin dag vidare, og her regner det.


EG LEVER ALTSÅ

>Fansida mi på facebook<

Men ja, det har jo skjedd litt sia sist eg blogga.. F.eks, eg har jo vert på Frønningen med familien min på mamma sin side. Reiste den 26 og kom ned den 29. Altså eg reiste til Frønningen dagen etter eg kom igjen ifrå turen med pappa. Eg sovna jo sjølvsagt i bilen på veien til Gudvangen for eg kom igjen halv 2 eller noko sånt.  Utrulig kjekt og vi va faktisk heldige med vèret men det va finare i fjor. Men det kjem ikkje sånn innlegg med mykje bilde, for det gidder eg ikkje styre med. 

 

Men no har eg ikkje noko planer før eg skal flytte den 19.august. Vere med folk også berre slappe av også må eg jo sjølvsagt pakke. Det skal bli så uvanlig å ikkje ha familien rundt seg for det har eg alltid hatt. Myking er den plassen eg har budd heile livet. Det kjem til å bli trist å ikkje sjå mormor og morfar & farmor så ofte. Menmen, no har eg vert nokon daga aleine heime for mamma reiste til hytta med kjæresten sin. Så då fekk eg vere aleine heime, men eg er oppe hjå mormor og morfar for å ete middag. Og i dag skal eg opp halv 2 og ete laks. namnam.  


hits