image image image


Eg trudde eg skulle bli bedre

På mandag var den dagen heile denne "skikkelige" sjukdommen begynte. Eg spydde då eg våkna og trudde eg blei bedre så eg var så dum og gjekk på skulen. Eg klare å vere på skulen til klokka var 10 og då gjekk eg bort igjen for å sove. Endte med at eg sov i 7/8 timar, men eg skal ikkje skrive meir om den dagen, for den har eg blogga om før.

På tirsdagen var eg bedre, så eg gjekk på skulen og det første som skjedde var at eg satt i klasserommet og plutselig kjente eg at det rann noko ifrå naso mi.. og då hadde eg fått naseblod, så eg fekk ta meg ein liten pause på sofaen og klarte å vere på skulen heile den dagen. Klarte å ete etter den dagen eg spydde så eg fekk litt ned i magen min, men den dagen var eg så "frisk" at eg klarte å gå tur og alt sjølvom energien min var nesten heilt vekke. 

Så kom onsdagen og hadde nesten ikkje sove på den natten. Einaste eg gjorde var å hoste, krympe meg sammen for å få vekk smerten i magen og ryggen mens eg hosta og passa på at eg ikkje blei kald. Skulle prøva å sove litt utpå dagen, men fekk ikkje det til pga hostinga mi. Då bestemte eg meg for å reisa heim, for eg kan ikkje ligga på internatrommet mitt og ikkje gjere noko. Tok bussen til Voss også hadde eg 1 time og 30 min før toget gjekk, så eg fant ut at eg kunne gå på butikken fordi eg hadde ikkje fått så mykje mat i meg. På veien mot togstasjonen satt eg meg ned og begynte å mate nokon spurvar, det var faktisk ein som turde å fly opp og ta maten ifrå hånda mi. Det er første gongen eg har oppleva da, og den samme fuglen kom tilbake fleire gongar. Det var vell dagen opptur då eg satt der, for det var akkurat sol og fint vér også kom eg meg på toget og det var ikkje så  veldig fint vér då lengre. 

No sitt eg her hjå pappa og skal begynna på ein oppgåva som vi har i samfunnsfag om Afghanistan og Al-Qaida. Mamma kom opp med eit brev til meg i sta som viste seg for å vere eit nytt bankkort, for da andre eg har er gått ut.. Men seriøst, kunne fått eit annet bilde!






http://www.picgifs.com/mini-graphics/mini-graphics/nature/mini-graphics-nature-957508.gif Skriv en kommentar her

http://imageshack.us/scaled/landing/402/96200084.png http://www.picgifs.com/mini-graphics/mini-graphics/nature/mini-graphics-nature-743059.gif http://www.picgifs.com/mini-graphics/mini-graphics/nature/mini-graphics-nature-500036.gif

, Lindås

Maibel er navnet.

hits